Von Doren Showrom

Sommaren 2024 vert showromet ved Havila Hotel Geiranger fylt opp med noko av det beste innan norsk kunst og klokkemakeri. Vi er stolte over å kunne presentere kunstnaren Cathrine Knudsen og klokkemakaren Øyvind VON DOREN Asbjørnsen.

Du kan sjå verka deira i showromet vårt frå 25. mai til 22. september. Dette er både ei spennande utstilling og ein sjanse til å sikre seg ein av dei unike gjenstandane og kunsten dei har tatt med til oss i Geiranger.

Utstillinga er gratis og er open kvar dag i heile perioden.

Den norske klokkemakaren VON DOREN viser fram kolleksjonen sin og nyheiter i showromet vårt ved HAVILA HOTEL GEIRANGER frå 25. mai til 22. september

I 2016 realiserte Gründer Øyvind Von Doren Asbjørnsen ein mangeårig draum, å skape sitt eige klokkemerke.

Øyvind vaks opp i jugendbyen Ålesund med særeigne tårn, spir og vakre utsmykkingar. Fasinasjonen og lidenskapen for klokker starta då han på 12-årsdagen sin arva ein Certina DS Automatic frå oldefaren. Sidan då har han både samla på armbandsur og drøymt om å skape dei.

Før klokkedraumen blei oppfylt jobba han som filmprodusent, regissør, forleggar og forfattar. Han har laga fleire dokumentarfilmar, TV-seriar, kortfilmar og heilaftens filmar. Eit av dei kanskje mest kjende arbeida hans er dokumentaren Prinsen av Sjakk frå 2005 – om det 13 år gamle sjakkvidunderet Magnus Carlsen, samt MAGNUS frå 2016.

Etter ein lang karriere som regissør og filmprodusent, følgde han draumen og satsa alt på Von Doren. I dag lagar Von Doren tidlause armbandsur av høg kvalitet, inspirert av norsk natur og historie. Alle ura er designa av Von Doren i Norge med urverk frå Sveits.

Når Von Doren skaper klokkekolleksjonar, hentar han inspirasjon frå heimbyen Ålesund med elegante linjer og den særeigne jugendstilen, med den dramatiske naturen rundt byen og praktfulle fjordar, fjell og fossar. Som tidlegare filmregissør og -produsent hentar han også inspirasjon frå filmklassikarar på 50- og 60 talet.

 

Von Doren | Norge | Mekaniske Klokker

Utstilling med billedkunstnar Cathrine Knudsen

Sommaren 2024 vil showromet ved Havila Hotel Geiranger vere fylt opp med noko av det beste innan norsk kunst og klokkemakeri. Vi er stolte av å kunne presentere kunstaren Cathrine Knudsen og klokkemakaren Øyvind VON DOREN Asbjørnsen.

Du kan sjå verka deira i showromet vårt frå 25. mai til 22. september. Då får du både oppleve ei spennande utstilling og får sjanse til å sikre deg ein av dei unike gjenstandane og kunsten dei har tatt med til oss i Geiranger.

Utstillinga er gratis og er opa kvar dag i heile perioden.

Utstillinga med billedkunstner CATHRINE KNUDSEN på HAVILA HOTEL GEIRANGER viser maleri, botaniske trykk, grafikk og keramikk. Knudsen har utsmykka kystruteskipet Havila Castor, og du kan sjå 36 av verka hennar i fellesområda på skipet. No kjem ho til Havila Hotel Geiranger med kunsten sin og vi så heldige å få vise den flotte kunsten hennar på Havila Hotel Geiranger i heile sommar.

Cathrine Knudsen har arbeidd som kunstnar i over 20 år og har fått ein solid posisjon i den norske kunstmarknaden. Naturen er hovedinspirasjon i kunsten hennar.

“I naturen kjenner kunstnaren på ei heilt eiga friheit. Denne friheita gir større tankerom og ein heilt eigen inspirasjon”, seier ho.

Bilda reflekterer stillheita i naturen og sakte forteljingar. Noko vert slite ned og noko vert bygd opp, på same tid, og dette dannar naturen sine eigne historier. Den kontinuerlege prosessen av forfall og fornying i naturen, med naturens poesi, skjørheit og stillheit, vert tolka i kunstverka.

I denne utstillinga viser Cathrine Knudsen nye oljemaleri der naturen har sett sitt preg på lerretet – også med kjende former frå Geiranger. I tillegg blir det fjell-silhuettar etter fleire turar til Svalbard. Det er også naturformer som lag på lag med store lønneblad, blad som fell, fjør, blomster, kløver og andre gjenkjennelege element frå naturen som blir gjengitt i lette, naturlege tonar. Oljemaling i fleire tjukke lag skaper ein kraftig djupneeffekt og gir ulike strukturar i overflata. Bladgull er lagt på nokre av verka som ein effekt av lys og reinheit og delikat enkelheit og ro går gjennom i alle bilda.

I tillegg til maleria stiller Knudsen også ut keramikk og eit stort utval av grafikk, både tresnitt, litografi, etsingar, monotypi og botaniske trykk.

Cathrine Knudsen har hatt ei rekke separatutstillingar, mellom anna på Soli Brug, Bærum kunstforening, Galleri Fineart, Galleri Soon og Hamar Sagbladfabrikk. Arbeida hennar er innkjøpt av ulike store institusjonar og private samlarar.

Knudsen vert til stades under opningshelga.

www.cathrineknudsen.com

Josefin Winther Konsert, 2024

25. mai

 

Bli med på ein fortryllande kveld med den dyktige norske artisten og låtskrivaren, Josefin Winther, 25. mai kl 21:00 på Havila Hotel Geiranger i fantastiske Geiranger.

Opplev ein uforgløymeleg kveld med Josefin Winther i Geiranger!

Josefin Winther debuterer som forfattar og gir ut “Til Vega” som både er ei bok og ein EP som ho har skrive og komponert undervegs i prosessen med å få barn.

Ho skriv mellom anna: «Før var du en gassballong. Du svevde rundt der oppe mellom skyene, mellom stjernene, og jeg holdt i en usynlig snor her nede. Du hadde fått et navn lenge før du var noe som helst. Du var, lenge før du var. Lett som en fjær, og helt uvirkelig for alle andre enn meg. Nå er du tung, og virkelig for alle. Så tung at ryggen min verker. Så tung at jeg har begynt å ta heisen. Så tung og at jeg vagger når jeg går.»

I samband med at ho gir ut «Til Vega», spelte ho ei rekke lanseringskonsertar i vinter og kjem no til Geiranger. Sjå live for oversikt over konsertane. Du kan kjøpe boka på nettbokhandel eller bestille som signert utgave her

Josefin Winther har sidan ho debuterte i 2006 hausta stor anerkjenning for liveframføringar. Alt som 19-åring fekk ho platekontrakt og ga ut EP. Winther har sidan den gongen gitt ut sju studioalbum, fått strålande kritikkar og gjort suksess som låtskrivar, mellom anna med Norges vinnarlåt i MGP 2014. Hausten 2019 debuterte ho med sitt første norskspråklege album, turnerte i Canada og Norge og fekk overveldande publikumsrespons på sine liveframføringar. Hun er kjent for sitt gripande nærvær og kraft på scenen der ho kan fange eit kvart rom åleine med gitaren. Signaturen er intense liveframføringar der ho delar frå tankar og følelsar, og det gjer ho like gjerne med eit smil om munnen som med ei tåre i augekroken.

A picture of a women, the singer Josefin Winther på konset

 

Havila Hotel Geiranger © 2021