Von Doren Showrom

Sommaren 2024 vert showromet ved Havila Hotel Geiranger fylt opp med noko av det beste innan norsk kunst og klokkemakeri. Vi er stolte over å kunne presentere kunstnaren Cathrine Knudsen og klokkemakaren Øyvind VON DOREN Asbjørnsen.

Du kan sjå verka deira i showromet vårt frå 25. mai til 22. september. Dette er både ei spennande utstilling og ein sjanse til å sikre seg ein av dei unike gjenstandane og kunsten dei har tatt med til oss i Geiranger.

Utstillinga er gratis og er open kvar dag i heile perioden.

Den norske klokkemakaren VON DOREN viser fram kolleksjonen sin og nyheiter i showromet vårt ved HAVILA HOTEL GEIRANGER frå 25. mai til 22. september

I 2016 realiserte Gründer Øyvind Von Doren Asbjørnsen ein mangeårig draum, å skape sitt eige klokkemerke.

Øyvind vaks opp i jugendbyen Ålesund med særeigne tårn, spir og vakre utsmykkingar. Fasinasjonen og lidenskapen for klokker starta då han på 12-årsdagen sin arva ein Certina DS Automatic frå oldefaren. Sidan då har han både samla på armbandsur og drøymt om å skape dei.

Før klokkedraumen blei oppfylt jobba han som filmprodusent, regissør, forleggar og forfattar. Han har laga fleire dokumentarfilmar, TV-seriar, kortfilmar og heilaftens filmar. Eit av dei kanskje mest kjende arbeida hans er dokumentaren Prinsen av Sjakk frå 2005 – om det 13 år gamle sjakkvidunderet Magnus Carlsen, samt MAGNUS frå 2016.

Etter ein lang karriere som regissør og filmprodusent, følgde han draumen og satsa alt på Von Doren. I dag lagar Von Doren tidlause armbandsur av høg kvalitet, inspirert av norsk natur og historie. Alle ura er designa av Von Doren i Norge med urverk frå Sveits.

Når Von Doren skaper klokkekolleksjonar, hentar han inspirasjon frå heimbyen Ålesund med elegante linjer og den særeigne jugendstilen, med den dramatiske naturen rundt byen og praktfulle fjordar, fjell og fossar. Som tidlegare filmregissør og -produsent hentar han også inspirasjon frå filmklassikarar på 50- og 60 talet.

 

Von Doren | Norge | Mekaniske Klokker

Havila Hotel Geiranger © 2021