Dalsnibba Skywalk

Europas høgaste fjordutsikt frå bilveg. Med den nye spektakulære plattforma, Geiranger Skywalk, garanterer vi deg ei luftig oppleving. Det er kanskje verdas finaste utsikt – 1500 meter over havet.

Nibbevegen tek deg frå Djupvasshytta på 1038 meter over havet til utsiktspunktet Dalsnibba på om lag 1500 meter. Du får ei uforgløymeleg utsikt mot dei ville snødekte fjella, rein luft og verdsarvområdet – alt på same tid.

Nibbevegen var eit pionerprosjekt og vart sjølve symbolet på turismen i Geiranger. Vegen opna i 1939. Det flotte panoramaet frå toppen rommar fjord, tindar og høgfjellsterreng og er ein sjølvsagt del av eit Geiranger-besøk.

Nibbevegen er ein bomveg, og er normalt ope i tidsrommet slutten av mai til midten av oktober. På toppen har vi eit moderne servicebygg med ein liten suvenirbutikk og toalettfasilitetar. Vi har også toalettfasilitetar ute som er tilgjengelege døgnet rundt.

Ny automatisk bomløysing på vegen opp mot Dalsnibba er installert, og difor er vegen tilgjengeleg heile døgnet. I bomstasjonen kan du betale anten med mynt eller kort. Det er også mogleg å booke billettar på førehand på vår heimeside, og skanne billetten i bomstasjonen.

Cruisebussar (med avtale) har eigne passeringskort.

en Rib-båt som seiler i fart gjennom Geiranger firode, med Bonseye, personene som er utstyrt med dresser for aktiviteten og sitter i setene på båten.
Havila Hotel Geiranger © 2021